Dalsøren Camping er ei tradisjonsrik campingbedrift i Indre Sogn. Campingplassen var ein av dei første som starta opp i regionen. Tidlegare har det vore gårdsdrift på området med melkeproduksjon.
Campingplassen er i dag ein moderne camping med totalt 17 hytter med ulik standard. Vi har frå heilt enkle 2 manns hytter til store og konfortable hytter med dusj/wc, eige kjøkken stove og 2 soverom. Ellers kan campingplassen by på over 100 oppstillingsplassar for bubil/telt eller campingvogn. (Med strøm)
Dalsøren Camping har ein super plassering ved den vakre Luster Fjorden. Området ligg heilt nede ved fjorden. Vi har badestrand, sandstrand, ei stor og god brygge, eigen kiosk og moglegheit for å kjøpa varm og kald mat i vår lille kafe avdeling.
Dersom du har med deg eigen båt på hengar så har vi moglegheit for å enkelt kunne sette den på sjøen. Dersom du ikkje har med deg båt så har vi fleire alternativ til din disposisjon. Vi har robåt, motorbåt og vannsykkel.
På biletet under kan du sjå campinglivet på sytti talet ved Dalsøren Camping.


|