Header image Norsk tekst English text German text

"A part of a holyday dream"

 

 
  
 

 

 

 
 
Velkommen til Dalsøren Camping

Dalsøren Camping ligg sentralt ved riksveg 55 like ved den vakre Lusterfjorden. I tilegg til ein stor og fin campingplass kan vi tilby 5 moderne hytter med 4/6 senger, stove, kjøkken, dusj, wc komplett utstyrt. I tilegg har vi 13 andre hytter til forskjellige prisar. (alle hytter har TV med fleire kanalar, campingplassen har eigen tv kanal med info om attraksjonar i området.)
NY! presentasjon av campingen og området rundt campingplassen

NY! LIVE WEB camea som du kan fjernstyre
Hausten 2006 fikk Dalsøren Camping hageprisen for det vakraste uteanlegget  i 2006 du kan lese meir om grunngjevinga på lenka over. I tida framover satsar vi på å vidareutvikle anlegget vårt. Vi har no starta oppgraderinga av toalettanlegget på campingplassen. Vi river ut alt det gamle og bygger no opp eit topp moderne toalettanlegg.
På våre internasjonale sider kan du sjå foto frå campingområdet. Vi har ingen nummerering av oppstillings plasser så du kan fritt finne den plassen du ønsker. Det er viktig å merke seg at vi ligg heilt nede ved fjorden, du slipper å krysse traffikerte veier for å kunne bade eller fiske. Vi har ca 700 meter strandlinje.
Dalsøren Camping ligg strategisk til for utflukter til Jotunheimen, Nigardsbreen, Norges eldste stavkyrkje på Urnes og til tettstader som Gaupne og Sogndal. I turistkretsar er Luster kjent for sitt store utval av turistattraksjonar: Fjord, fjell, isbrear, bortgløymte dalar og idylliske tettsader.
På campingplassen er det tilgang til internett og e-post for gjester. Vi har også ei trådløs sone for internett . Har du bærbar pc kan du få tilgang til internett i campingvogna eller bubilen din. (Ta kontakt med resepsjonen for meir info!) Det er også muligheit for leige av både robåt, vannsykkel og motorbåt! Det er gode fiske muligheiter på plassen. Du kan fiske frå brygga, dra ut med båt eller fiske i noen av elvene i området.

Køyrer du med bil så ligg Dalsøren Camping ca 4 timar frå Bergen, 2 timar frå Førde, 1,5 frå Lom og ca 40 minutt  frå Sogndal. 

Vi utviklar nå våre nye internasjonale sider på adressa www.bookmee.com ta gjerne turen innom. Det er her vi tar imot all ONLINE booking fra våre gjerster og partnere både fra inn og utland.

Velkommen til Dalsøren familie camping i Luster.

Send oss gjerne forespørsel om booking eller andre spørsmål du måtte ha. Adressa er: info@dalsoren.com

 


 

Utsikt fra brygga vår

Innkjøringsområdet og resepsjonen/kiosken

Utsikt fra vegen over Sognefjellet. Nord europas høgaste fjellovergang. Vegen er klassifisert som nasjonal turistveg og må opplevast. Ta deg god tid over fjellet, det er fleire plassar du kan stoppe og finne spennande informasjon om området.

 
 

Kjell Håvard

Thomas

Hanne

Thomas

Kari

Trym

Caroline Alexandra